Meir samarbeid om legevakt

Nye forskrifter set større krav til kompetanse hos dei tilsette, både legar og sjukepleiarar.

Kommunane i Tokke, Vinje , Seljord og Kviteseid har vedteke å setje ned ei Meir samarbeid om legevaktarbeidsgruppe som skal sjå på eit nærare samarbeid om legevakt. Ny
e kompetansekrav gjer at legar utan denne kompetansen må ha ein lege som innehar godkjend kompetanse i bakvakt. Dette vil føre til ein større vaktbelastning for legane og ein meir kostbar teneste for kommunane.

Kommunane vil få lagt fram modellar på ulike samarbeid til politisk handsaming i løpet av 2016.

Ny forskrift om akuttmedisin

Forskriften gir små legevakter store utfordringar, då den setter andre krav til kompetanse for legar og tilsette på legevakt.

Politisk sak til kommunaneNy forskrift om akuttmedisin

Det vil bli laga ein sak til kommunane der ein presenterar dei utfordringane, både bemanningsmessig og økonomisk som den nye forskriften vil føre til.

Det vil bli sett ned ein gruppe som skal sjå på ulike løysingar i Vest-Telemark for legevaktane i dag.

Seljord legevakt – skal vera pilot innan legevakt i Telemark

I samband med arbeid rundt den akuttmedisinske kjeden skal sjukehuset og legevakta i Seljord prøve ut modellar for samarbeid.

Modell for samarbeidSeljord legevakt skal vera pilot innan legevakt i Telemark

Prosjektet skal gi føringar for framtidig samarbeid mellom akuttmottak og legevakt i Telemark. Ein skal sjå på om bruk av utstyr som telemedisin og ultralyd kan gi tidlegare og betre kontakt med spesialistar på sjukehuset rundt den akutte sjuke pasienten. Dette for å hindre unødig innlegging.

Samhandlingskoordinator skal leie prosjektet.