Velferdsteknologi i Vest-Telemark

Anne Guro Hommo er tilsett som leiar av velferdsteknologiprosjektet i Vest-Telemark, og startar i ei 2-årig prosjektstilling i Vest-Telemarkrådet den 12. august. Arbeidsoppgåva til prosjektleiar vil vera å realisere rapporten frå forprosjektet.

Felles psykologtenester i Vest-Telemark

Innan 2020 må alle kommunar ha psykologteneste. I Vest-Telemark lyser ein for tida ut ei stilling for Tokke, Vinje og Fyresdal og ei stilling for Seljord, Kviteseid og Nissedal. Psykologtenesta skal vera eit lågterskeltilbod retta mot barn og ungdom. Psykologen skal ha disponibelt kontor i kvar av samarbeidskommunane.

Helsefagstudiar i Seljord

Tilbod i Vest-Telemark om 5 ulike tilbod om desentralisert vidareutdanning for helsefagarbeidarar.

I eit samarbeid med AOF Telemark og Vestfold vil det i 2017 bli starHelsefagstudiar i Seljordta opp tilbod om vidareutdanning innan helse- og omsorgsfaget. Dersom det er stor nok interesse kan det allereie frå hausten også starte opp fagbrevkurs for assistentar.

Vidareutdanningane er:

  • Miljøarbeid rettet mot mennesker med funksjonsnedsettelse/utviklingshemming
  • Psykisk helsearbeid og rusarbeid
  • Demensomsorg
  • Omsorg for mennesker med nevrologiske lidelser
  • Kroniske sykdommer hos voksne og eldre

Plan for geriatri i Telemark

Samarbeid mellom kommunar og STHF om å få til ein plan for geriatri i Telemark.

Det har i mange år vore vanskeleg å rekruttere geriater til sjukePlan for geriatri i Telemarkhus. Etter at STHF i mange år berre har hatt ein geriater, så er det no tilsett tri. I samarbeid med kommuane lagar ein no ein plan for Telemark. Dette vil blant anna innebære at ein geriater kan vera ambulerande.

Planen skal vera ferdig i løpet av april.

Plan for spesialisert rehabilitering – Vinje med i stort prosjekt

Planer i samarbeid med kommunane

Det har over lengre tid vore arbeidd med ein plan for spesialisert rehabilitering i Telemark. I den sammanheng har sjukehuset fått 1 million frå Helsedirektoratet  til prosjekter mellom kommunar og sjukehus innan rehabiliteringsfeltet.

Vinje og Skien som prosjektkommunar

Prosjekta skal sjå på overgang mellom sjukehus og kommune, meir ambulante tenester og kompetanseoverføring.

Større satsing innan psykiatri og rus

Den ligg nye føringar om psykolog i alle kommunar og om etablering av kommunale øyeblikkeleg hjelp døgnplassar innan psykiari og rus.

Sak om meir samarbeid

Styringsgruppa for samhandling skal sjå på om det er mogleg å få til eit større samarbeid innan psykiatri og rus. I tillegg krevs det at alle kommunar skal haStørre satsing innan psykiatri og rus psykologteneste innan 2020, og at ein må etablere kommunale øyeblikkeleg hjelp døgnplassar innan psykiatri og rus i 2017.

Det blir lagt fram ein sak for styringsgruppa om kva og korleis ein bør arbeide vidare med dette.