Felles psykologtenester i Vest-Telemark

Innan 2020 må alle kommunar ha psykologteneste. I Vest-Telemark lyser ein for tida ut ei stilling for Tokke, Vinje og Fyresdal og ei stilling for Seljord, Kviteseid og Nissedal. Psykologtenesta skal vera eit lågterskeltilbod retta mot barn og ungdom. Psykologen skal ha disponibelt kontor i kvar av samarbeidskommunane.