Audiograftilbodet i kommunane – ein permanent ordning frå 2015

Prosjektet som starta opp i Vest-Telemark i 2011, i eit samarbeid med Sykehuset Telemark, er no i fast drift frå 2015.

Med prosjektmidar i 2011 frå HOD, starta vi opp eit samarbeid med Øre- Nese – Halsavdelinga med sjukehuset i Skien. Etter eit år, med gode erfaringar, Ambulerande audiograf som fast ordningblei det ei pause i ordninga på grunn av mangel på audiografer. Sjukehuset lyste så ut ei stilling som ambulerande audiograf – og dermed var ordninga i gang att. Etterkvart kom Bø og Drangedal også med i ordninga, i tillegg til alle Vest-Telemark kommunane.

Audiografen kjem 1-2 ganger i månaden til kvar kommune. Det er eit tett samarbeid med høyrselkontaktane i kommunane. Ordninga er meint for eldre heimebuande eller personar som bur på sjukeheimane. Alle pasientar må ha fått ein diagnose av spesialist før audiografen kan starte tilpassing av høyrselhjelpemiddel. Ordninga er besparande for Sykehuset Telemark og pasientar med tanke på transport – og pasientar som slipp lange reisevegar.

Det er berre gode tilbakemeldingar på ordninga og ordninga blir sett på som eit eksempel til etterfølging av HLF (Hørselshemmede Landsforening).

Les meir om ordninga her.