Prosjektets mål og mandat

Samarbeidets mål og mandat

Samarbeidet skal utvikle samarbeidsformer på tvers av kommunane i Vest-Telemark og Sjukehuset Telemark.

Samhandlingsarbeidet i Vest-Telemark

Samarbeidet skal utvikle ulike samarbeid på tvers av kommunane i Vest-Telemark og Sjukehuset Telemark HF. Det skal gjennomførast og byggjast fram konkrete samarbeidsprosjekt i tråd med føringar i Samhandlingsreforma og med pasienten/brukaren i sentrum. Samarbeidet kan vera mellom STHF og ein, fleire eller alle kommunane. Det kan òg berre vera samarbeid kommunane i mellom.

Stillinga er finansiert gjennom et samarbeid mellom kommunane og sjukehuset.

Det er oppretta ein eigen styringsgruppe og arbeidsgruppe for prosjektet.

Styringsgruppa

Styringsgruppa består av rådmenn frå alle kommunane, sjukehusdirektør, brukarrepresentantar og tillitsvalde. Styringsgruppa skal syte for naudsynte vedtak innafor overordna rammer, for informasjon og forankring i eigen organisasjon og sikre ein hensiktsmessig organisering og bemanning av de konkrete tiltaka i samhandlingsprosjekta.

Les meir om styringsgruppa her.

Samhandlingskoordinator

Samhandlingskoordinatoren skal initiere samhandlingstiltak og vera ansvarlig for å koordinere og fylgje opp alle prosjekt som er vedtatt av styringsgruppa. Samstundes skal koordinator vera ein kanal for dei som ynskjer å ta opp nye idèar til samhandlingstiltak og prosjekt og forankre prosjekta i arbeidsgruppa. Vedkommande skal og syte for naudsynt informasjon. Koordinator er direkte underlagt styringsgruppa.

Arbeidsgruppa

Samhandskoordinatoren si arbeidsgruppe består av sektorleiarar i kommunane, representantar frå sjukehuset, tillitsvalde og brukarrepresentantar. Sektorleiarane er ansvarleg for forankring på tenestenivå i eigen kommune og er ansvarleg for lokale arbeidsgrupper.

Les meir om arbeidsgruppa her.