Ambulant palliativt team ut i kommunane

Ambulant palliativ team frå Sykehuset Telemark HF reiser rundt til alle kommunane i Telemark for å bistå legar og sjukepleiarar til å ta seg av alvor
leg sjuke og døyande kreftpasientar. Teamet består av overlege som har spesialisert seg innan palliasjon og ein kreftsjukepleiar.

Målet med prosjektet

  • Fleire palliative pasientar i Telemark får tilbod om oppfølging og behandlAmbulant palliativt team ut i kommunaneing i kommunen.
  • Fastleger og personell i kommunehelsetenesta får auka kompetanse og tryggleik i behandling av kreftpasientar i heimen, slik at pasientar slipp å liggje i sjukehus.
  • Retningsliner for oppfølging og behandling av døyande pasientar medverkar til føreseieleg og lik behandling til pasientar som ønskjer å døy heime eller på sjukeheim.

Palliasjon er i korte trekk

  • Heilskapleg tilnærming og respekt for den alvorleg sjuke pasient og hans/hennes pårørande, med fokus på pasientens beste.
  • Målretta haldning til diagnostikk, førebygging og lindring av symptom for pasienten.
  • Planlegging med tanke på komplikasjonar som kan kome til å oppstå
  • Fokus på open kommunikasjon og informasjon

I Telemark er dette eit spleiselag mellom alle kommunane og Sykehuset Telemark HF. I fylgje Kompetansesenter for Lindrande Behandling ved Oslo Universitetssykehus er dette eit banebrytande arbeid.