Forsterka sjukeheimar

Prosjekt for å sjå på ulike modellar for samarbeid mellom kommunar om tenestetilboda på sjukeheimane.

ForprosjektForsterka sjukeheimar

Modellar for forsterka sjukeheimar Vest-Telemark samarbeidet har fått 186 000 av samhandlingsmidlar frå Helse- og omsorgsdepartementet for å lage eit forprosjekt, for å så sjå på ulike modellar for forsterka sjukeheimar i kommunane.

Ein har vurdert lokalmedisinsk senter i Vest-Telemark. Ein har sett på avstandar, pasientgrunnlag og kopla dette opp mot kompetanse. Det er for lite pasientgrunnlag samla og reisevegen vil for einskilde kommunar bli lenger enn til lokalsjukehusa i dag.

Med bakgrunn i statistikkar utarbeidd med tal frå Sjukehuset Telemark HF, erfaringar frå fastlegar og anna helsepersonell ser ein at kommunane har gode kommunale tenester og lite innleggingar på sjukehusa. Vi har etter kvart også bygd opp eit godt samarbeid med Sjukehuset i fylket. Men ein har også nokre utfordingar her – med tanke på kronikargrupper (KOLS og diabetes) og tildels også demenspasientar. Ein ynskjer å byggje opp eit betre tilbod for disse gruppene med nærleik til tenestetilbod og tryggleik for den einskilde pasient og deira pårørande.

Alle kommunane i samarbeidet har godt utbygd helse- og omsorgstenestar, inkludert gode sjukeheimar. Ein ynskjer å sjå på utvida bruk av sjukeheimane med fleire korttidsplassar, på tvers av kommunegrensene. Tanken er å sjå på eit samarbeid der sjukeheimane byggjer opp ulik kompetanse for einskilde grupper, basert på heildøgnstilbod som kan førebyggje sjukehusinnleggingar og innlegging på langtidsplassar i sjukeheimane.

Ein ynskjer å lage eit forprosjekt som kan leggje grunnlag for eit eventuelt hovudprosjekt, der ein må utrede;

  • Brukargrupper?
  • Kor store utbyggingar trengs?
  • Finansiering?
  • Betalingsmodellar kommunane mellom?
  • Kompetansebehov?
  • Geriater frå sjukehusa?
  • Samarbeidspartnarar for kompetanseoppbygging?
  • Samarbeidsavtaler

Deltakande i prosjektet bør vera omsorgsleiarar, legar, brukarorganisasjonar og tillitsvalde.

Øyeblikkeleg hjelpplassar

Som ein lekk i prosjektet «Forsterka sjukeheimar» ser ein mogleg bruk av sjukeheimar til å opprette ØH-plassar.

Ein arbeider vidare med om ein kan samarbeide om felles øyeblikkeleg hjelpplassar i Vest-Telemark. Tanken er at ein bør knytte dei i eit samarbeid kring legevaktsamarbeidet i disse kommunane. Ein ser nå på mogleg bruk av sjukeheimar til dette føremålet.