Jordmorberedskap i Vest-Telemark

Felles organisering av beredskap for følgjeteneste i Vest-Telemark frå 2013.

Samarbeid med sjukehuset

Fylket har ein fødestad, Sykehuset Telemark HF avd. SkienJordmorberedskap. Dette betyr lange avstandar til fødestad for mange kvinner i Vest-Telemark. Kvinner med 1,5 time reiseveg har krav på fylgje av jordmor ved behov. Sjukehuset fekk ansvar for denne beredskapen frå 2010. Ein har nytta tida fram til 2013 å sjå på modellar for beredskap i Telemark.

Det er inngått avtaler med alle Vest-Telemark kommunane og sjukehuset. Seljord, Kviteseid, Tokke, Vinje og Fyresdal har organisert ein døgnberedskap på DPS i Seljord. Nissedal har organisert eit eige samarbeid med STHF.

Barsel- og beredskapsklinikk i Vest-Telemark

På beredskapen i Seljord kan ein vende seg dersom ein har spursmål om svangerskap eller fødsel. Jordmor tek i mot konsultasjoner og fylgjer til sjukehuset ved behov.

Ein kan òg kontakte jordmor på vakt dersom ein har spørsmål om barnet, amming o.l. etter at ein har kome heim frå sjukehuset, på kveld- og i helgetid, når lokal helsestasjon er stengt.

Svangerskapskontroll

Kvar kommune vil framleis ha den faste svangerskapskontrollen med sin jordmor.