KOLS-nettverk

I eit samarbeid med Sykehuset Telemark HF er det tilsett ein KOLS-fagutviklingssjukepleier i Telemark.

I eit samarbeid mellom kommunane i Telemark og Sykehuset Telemark HF har ein hatt eit forprosjekt, der ein har sett på om det er mogleg å få til ein sentral fagutviklingssykepleiar for KOLS i fylket. Prosjektet blei finansiert av samhandlingsmidlar frå sjukehuset og midlar frå Helsedirektoratet.

Frå nyttår er det tilsett ein prosjektleiar/fagutviklingssykepleier (FUS) ved hjelp av samhandlingsmidlar og i eit spleislag mellom Sjukehuset og kommunane (utan Skien og Porsgrunn) i 2 år.

KOLS-prosjektleiaren er tilsett i 25 % stilling ved lungeavdelinga i Skien – og resten av stillinga skal nyttas til å leie eit nettverk av KOLS-sjukepleiarar – og drive med opplæring.