Kompetanseoverføring frå Palliativ eining

Undervisning frå sjukehuset foregår kvar månad til alle kommunane i Vest- Telemark via videokonferanse.

I Telemark er det bygd opp eit nettverk av kontaktsjukepleiarar for kreftpasientar i alle kommunar, med definerte ansvarsområde og funksjon innanfor kreftomsorg og palliasjon. Kontaktsjukepleiarane arbeider i heimesjukepleia, på sjukeheimar og i sjukehus. Nettverket driftast av Palliativ enhet, Sykehuset Telemark. Palliativ enhet underviser òg tilsette i kommunane via videokonferansar.

I Vest-Telemark

I Vest-Telemark har alle kommune sine kontaktsjukepleiarar. Frå i 2011 er alle kommunane òg med på undervisninga frå Palliativ enhet, der alle helse- og omsorgstilsette kan delta. Nokre av kommunane har eige rom med videokonferanseutstyr – andre nyttar NAV sine undervisningsrom.

Kva er palliasjon

  • Palliasjon betyr aktiv behandling, pleie og omsorg for pasientar med uhelbredeleg sjukdom og kort forventa levetid.
  • Lindring av pasientens fysiske smerter og andre plagsame symptom stend sentralt, saman med tiltak retta mot psykiske, sosiale og åndelige/eksistensielle problem.
  • Målet med all behandling, pleie og omsorg er best mogleg livskvalitet for pasientar og pårørande. Palliativ behandling og omsorg verken fremskynder døden eller forlenger sjølve dødsprosessen, men ser på døden som ein del av livet.

Den palliative kulturen er kjenneteikna ved

  • heilskapleg tilnærming til den alvorleg sjuke og døande pasient og dens pårørande
  • respekt for pasient, pårørande og medarbeidarar med fokus på pasientens beste
  • aktiv og målretta haldning til diagnostikk, førebygging og lindring av symptom
  • forutsigbar planlegging og tilrettelegging med tanke på behov og komplikasjonar som kan koma til å oppstå
  • fokus på open kommunikasjon og informasjon
  • tverrfagleg arbeid
  • koordinerte tenester og systematisk samarbeid på tvers av nivåa
  • systematisk samarbeid med andre medisinske fagnivå

«Nasjonalt handlingsprogram med retningslinjer for palliasjon i kreftomsorgen”, Helsedirektoratet